Hasundgot IL og Aktiv Trening har inngått treårsavtale frå og med 01.01.2018.
Denne avtalen inneber mellom anna at alle aktive spelarar, trenarar, oppmenn og styremedlemmer i Hasundgot IL vil få gunstige klubbrabattar på medlemskap hos Aktiv Trening.
I tillegg forpliktar Hasundgot IL seg til å promotere treningssenteret gjennom sine arenaer og på klubbens heimeside.
Avtalen trer i kraft med éin gong, og vart skriven under av senterleiar hos Aktiv Trening avd. Ulsteinvik, Karoline Moen, og leiar i Hasundgot IL, Bjarte Bergseth.
Idrettslaget er veldig glade for å få i stand denne avtalen, som gjer at vi kan gi eit ekstra godt treningstilbod til våre medlemmer også utanfor ordinære fellestreningar.
Om du ønskjer å bli medlem av Aktiv Trening med Hasundgot-rabatt vert du oppmoda til å møte opp i resepsjonen på treningssenteret i Ulsteinvik sentrum eller i Varleite for å inngå kontrakt.
Adresse: Kyrkjegata 22, 6065 Ulsteinvik | Varleiteveien 9, 6065 Ulsteinvik
Telefon: 70 01 14 00 (sentrum) | 70 30 51 90 (Varleite)