Keeperkveld på klubbhuset!

Rett før jul fekk Hasundgots medlemmer og aktive utøvarar sjansen til å kjøpe nytt utstyr frå vår ferske utstyrsleverandør. No vil Macron også kome med diverse keeperutstyr førtkomande måndag.

Då vil det vere mogleg for alle keeperar i Hasundgot IL, både dei yngste og dei eldste, til å sjekke ut eit lite utval av dei produkta som vår utstyrsleverandør kan tilby.

Macron vil mellom anna ta med keeperhanskar, treningstøy og andre produkt som ein keeper kan ha bruk for.

Vi ønsker derfor alle Hasundgot-keeperar, unge og lovande samt eldre og rutinerte, til ein spanande keeperkveld på Hasundgot klubbhus!


Praktisk info:

Når? Måndag 5. februar

Klokka? 17:30

Kvar? Hasundgot klubbhus


For eventuelle spørsmål, ta kontakt med sportsleg leiar i Hasundgot, Joakim Rødven (roedven@gmail.com).