Lars Breivik vert ny juniortrenar

Fjorårets a-lagstrenar held fram med verv i klubben.

Dei siste tre åra har Lars Breivik vore eit viktig inventar i Hasundgot, og har hatt hovudansvaret for herrelaget. I vinter signaliserte han at han ønskte å trappe litt ned, men hadde framleis stor iver til å bidra i idrettslaget.

No har 57-åringen takka ja til å ta over juniorlaget for komande sesong og vart presentert som ny juniortrenar for laget under onsdagens spelarmøte på Hasundgot klubbhus.

Mange av juniorane er allereie godt kjende med den ferske juniortrenaren, ettersom svært mange var innom a-laget i fjor.

Den tidlegare sisteskansen, som har 339 a-lagskampar for Hasundgot, får også med seg to solide oppmenn i Idar Hatløy og Hans Arild Spjutøy i apparatet rundt laget.

Det vert også jobba med å få inn ekstra trenarressurs som kan bidra på treningsfeltet.

Vi ønskjer Lars og juniorane lukke til med oppkøyringa til ein ny sesong!