6. mars 2021

Årets første siger i boks

Gjerdsvika/Larsnes/Gursken måtte gi tapt i vår andre treningskamp denne vinteren.

Til tross for bitande kulde hadde 10-12 ivrige supporterar møtte fram på Hasundgot stadion, og sjølv om vêrgudane ikkje kunne by på mykje varme så varma kanskje spelet av heimelaget i opningsminutta.

Nokså tidleg i første omgang fekk Hasundgot sjansen til å ta leiinga frå 11-metersmerket då Joakim Gustavsen vart feid over ende i GIL/LGFKs 16-meter. Den sjansen tok spiss Ruben Muren godt vare på og sette kontant inn 1-0.

Men også gjestene frå Sande skulle få krittmerket, og rundt halvtimen spelt utlikna dei grønkledde etter at straffesparket vart sett kontant i målet.

Hasundgot skulle likevel få med seg ei godkjensle inn til pause. Etter innlegg frå høgre kunne innbytar Isak Sundgot banke inn 2-1 frå kloss hald – sjølv om keeper gjorde eit heilhjerta forsøk for å halde ballen ute.

Utover i andre omgang skulle vertane få endå ein sjanse frå straffemerket, etter at Gustavsen nok ein gong vart kontant feia over ende i motsandarens målfelt.

Denne gongen tok unge Sundgot straffa, og plasserte ballen kontrollert i sitt venstre hjørne.

Mot slutten av kampen vart det litt meir urytme i laget, og GIL/LGFK reduserte til 2-3 etter at ei angrep på si høgreside vart avslutta med eit skot i nærmaste hjørne.

Hasundgot heldt derimot unna, og noterte seg sin aller første siger denne oppkøyringa.

Etter planen skulle det også bli spelt ein treningskamp mot Hareid på laurdag, men den har no blitt avlyst/utsett. Neste kamp for seniorane er derfor neste onsdag 7. mars.

KAMPFAKTA
Treningskamp
Hasundgot – GIL/LGFK 3-2 (2-1)
Hasundgot stadion
Ca. 10-12 tilsk
Dommar: Dagfinn Berg Tjervåg

Laget (4-4-2): Kim Hansen – Marius Muren, Ivar Aadland, Simon Spjutøy Truls Sørnes – Svein Eirik S. Ertesvåg, Nicolai H. Molvær, Thomas Gjerde, Joakim Gustavsen – Ruben Muren, Jørgen Kleiven

Innbytarar: Joakim Rødven, Mats Bigset, Isak Sundgot, Cato Veien, Marius Vartdal, Trond Haugland