Bli med på Sonemøte på klubbhuset

I februar har Sunnmøre Fotballkrets sett opp to sonemøter i samband med at det har blitt innført nivåpåmelding for 10-12-åringar denne sesongen.

Eitt av desse møta vil bli arrangert på Hasundgot klubbus måndag 12. februar frå klokka 18:00.

Vi håper at du har lyst å delta på dette møtet, og du kan melde deg på via Min Idrett eller ved å fylle ut dette skjemaet.

Kva vil bli gått gjennom?

  • Nyttig informasjon, forenkling og presisering av reglar og retningslinjer som gjeld før, under og etter kampen.
  • Eigne kretsopplegg som gir trenarar og lagleiarar kunnskap om reglement, retningslinjer og anna som er nødvendig for å følgje opp eit lag administrativt på best mogeleg måte. Kurset syt for at trenarar og lagleiarar er motiverte, kunnskapsrike og godt rusta til sesongstart!

Fotballkretsen oppmodar lagleiarar og klubbansvarlege å møte førebudd, og ha:

  1. Kartlagd talet på spelarar – både jenter og gutar – for dei enkelte årsklassene og for eventuelle underårige (under 10 år)
  2. Ut ifrå talet på spelarar totalt sett fastslått kor mange lag som skal meldast på i de ulike årsklassene. Hugs reglar for bruk av overårige og evt. dispensasjonar.
  3. For lag som har delteke tidligare, kartlegge tidligare års resultat.
  4. Skaffe oversikt over talet treninger pr. veke, stabilitet på treningsframmøte, deltaking på cupar, om klubben har fotballfritidsordning eller andre ekstratilbud.
  5. Ut fra klubbens visjon og verdiar, tenkje ut:
    1. Korleis behalde og vidareutvikle trygge og sosiale rammer for spelarane?
    2. Korleis gi alle spelarane gode meistringsopplevingar?
    3. Korleis gi alle spelarane eit tilpassa tilbod?
    4. Korleis sikre at alle spelarane skal bli sett av dei vaksne rundt laget?

Vel møtt til Hasundgot klubbhus!