Denne helga var to Hasundgot-lag med på Søre Cup, også kjent som «Odden-cup».
Som i fjor stilte Hasundgot med to lag i årets Oddencup, som har vore ein lang tradisjon å delta på.
I fjor hevda Hasundgot seg svært godt, og kom heilt til finalen. Det klarte dessverre ingen av laga å leve opp til i år.
Medan Hasundgot Raud tapte alle tre kampane i gruppespelet, tok Hasundgot Kvit éin siger og tapte resterande to kampar.
Ingen av laga kom derfor vidare til sluttspelet.
Om det ikkje vart noko sølvtøy denne gongen, var det godt å kome igang med kampkjensla igjen etter ein lang vinter.
OBS: Hasundgots første treningskamp denne vinteren er allereie førstkomande onsdag 7. februar. Då tek vi i mot Hødd 3 på Hasundgot stadion.