I førre veke offentleggjorte Sunnmøre Fotballkrets serieoppsettet for dei tre 6.-divisjonsavdelingane. Frå før var det allereie fastsett at onsdagane blir kampdagar for 6.-divisjon.
No har kretsen kome med eit tentativt kampoppsett, og blir som følgjer:
- Første serierunde blir i veke 16 (onsdag 18. april)
- I veke 19 og 22 blir det spelefri for alle lag
- Siste runde før laga tek sommarferie vert i veke 25 (onsdag 20. juni)
- Etter ferien er første runde i veke 34 (onsdag 22. august)
- I veke 37 vert det spelefri for alle lag
- Ordinær serie vert runda av i veke 40 (onsdag 3. oktober)
Kretsen legg også til at det har vore snakk om eit sluttspel, og dersom klubbane er samde om dette vert det eventeuelt vedteke på kretstinget.
Klubbane får høve til å kome med innspel til kampoppsettet på terminlistemøte torsdag 15. februar på Color Line staadion i Ålesund.