Før kampen: Hødd 3 (H)

Per og Øystein gjer seg klare til sin første kamp som hovudtrenarar for Hasundgot A-lag.

Etter ein lang og kald vinter tek Hasundgot imot divisjonskollega Hødd 3 til dyst i årets aller første treningskamp for herrelaget.

Dette blir også Per Gustavsen og Øystein Murens først kamp som hovudtrenarar for seniorane. Dette hadde dei å seie før kveldens treningskamp:

1. Ja, karar, vi har nettopp runda februar månad og de har vore hovudtrenarar i litt over ein månads tid. Korleis kjennest det å ha fått kome igang?

– Alltid godt å kome igang, lære nye ansikt og spelarar. Det er kjekt å kome igang og alltid ei utfordring med ein ny gjeng. Det som har vore den største utfordringa er kor mange som kjem på trening til ei kvar tid. Noko av det er at vi har hatt andre treningsdager og -tider enn det vi hadde planlagt.

2. Korleis har sesongoppkøyringa vore så langt?

– Så langt har vi hatt ei god oppkjøring med fokus på intensitet både med og uten ball. Som dei fleste andre lag i regionen har vi hatt utfordringar både med frosne baner og sjukdom. Etter 2 veker inne i Ulsmohallen var det særs godt å kome ut no dei siste 2 vekene på stadion. Januar og februar er no dei kjekkaste månadane for spelarane med ørlite springing og styrke… 😉

3. Første kamp som Hasundgot-trenarar står for tur, og det mot Hødd 3. Kva forventningar har de til kampen?

– Som sagt så tar det tid å bli kjent med ei gruppe med nye spelarar. Nokre kjenner vi frå før medan andre er nye. Så det blir nok litt prøving og feiling i forhold til kva posisjon enkelte blir sett opp i. Men det er no litt av poenget med treningskampar. Forventninger til vårt eige lag har vi, men det er litt tidlig i og med at vi ikkje har kome så langt i førebuingane til årets sesong. Vi tek dette som ei grei gjennomkøyring.

4. Kva kjenner de til av Hødd 3-laget?

– Vi møter godt skulerte gutar som er vande med høgt tempo. Hødd 3 er eit veldig ungt og velspelande lag. Og det passer i grunnen bra for oss no på denne tida. Då får vi brynt oss litt på det å flytte bein raskt, og vi får ein fin peikepinn på kvar landet ligg.

5. Vil de hovudsakleg eksperimentere litt i den første kampen, eller blir det om å gjere å la flest mogleg få kjenne litt på kampkjensla igjen?

– Ja til begge spørsmåla. Det er alltid litt eksperimentering i første match, så det er blir å teste enklete spelarar i ukjente roller. Og, ja, sjølvsagt er det viktig å sleppe til alle slik dei får smake litt på det å, forhåpentlig vis, vinne kampar igjen…. Hehe! 🙂

KAMPFAKTA

Hasundgot – Hødd III
Hasundgot stadion
Avspark onsdag 14. feb. kl. 19:00