Ny sportsplan for Hasundgot IL

I fjor starta fotballstyret med å utarbeide ein sportsplan for klubben.

No er arbeidet endeleg ferdig, og vi er glade for å offentleggjere denne planen for klubbens trenarar, lagleiarar og spelarar.

Sportsplanen vil i hovudsak vere retningslinjer for korleis fotballstyret ønskjer at Hasundgot skal framstå som klubb både på og utanfor banen og kva læringsmoment klubben ønskjer å ha for dei ulike alderstrinna.

Fotballstyret trur ei målretta og systematisk fotballopplæring heilt frå starten av fotballkarrieren vil tene klubben på sikt, ettersom ein vil få ein raud tråd i treningsopplegget frå 6-årsalderen og opp til senuiornivå.

Fotballstyret håper at retningslinjene som går fram i sportsplanen vil gi effekt både på kort og lang sikt, men ettersom ein slik plan ikkje har blitt praktisert på mange år er fotballstyret inneforstått med at dette er ein prosess som må modnast over tid.

Hasundgot fotball håper at alle trenarar i klubben vil følgje planen så langt som råd i sin treningskvardag. Det vil bli invitert til ein gjennomgang av planen etter vinterferien.

Her er sportsplanen i sin heilskap: SPORTSPLAN – Hasundgot IL_2018-2021