Etter først å ha blitt avlyst førre veke på grunn av snødekt bane, gjekk endeleg årets første treningskamp i kveld mot Hødd 3.
Kampen starta på best mogleg vis for Hasundgot, og takka vere eit glitrande soloraid av Sebastian M. Kleven tok vi leiinga tidlig i 1. omgang.
Hødd kom derimot sterkt tilbake og snudde kampen til 2-1 før laga gjekk til pause. Gjestene første mål kom etter eit skot nede i det lengste hjørnet, medan Hødds leiarmål kom etter at blåtrøyene snappa ballen og sette igang ei god kontring.
Etter pause fekk Hødd-laget styre mykje av banespelet, og auka omsider leiinga til 3-1 etter at vi ikkje klarte å klarere eit innlegg frå farleg sone.
Bortelaget kunne også ha lagt på til 4-1 frå ellevemetersmerket, men sisteskanse Joakim Rødven syntest at tre baklengsmål var nok i denne omgang og redda straffesparket.
I staden fekk Hasundgot sjansen på 11-meteren på motsett side av banen rett før kampslutt, og den sjansen tok Ivar Aadland godt vare på. Ei kontrollert og sikkert skot gjekk rett inn i keeper høgre hjørne, samtidig som keeper gjekk feil veg.
Trass i noko dårlege speleforhold med ein del vind, nokre isflekkar her og der og ei litt innsnevra bane var det i alle fall godt å kome igang med treningskampane etter ein altfor lang vinter.
Neste treningskamp for a-laget er Gjerdsvika (også det på heimebane) onsdag 28. februar. Før den tid håper vi å få lagt inn to gode treningsveker på ei nokså grøn Hasundgot-matte.
Vi noterer oss at Vegard Heltne fekk sin aller første kamp for Hasundgot i dette oppgjeret. Dessverre måtte han forlate banen litt tidlegare enn ønskt med ein smell i kneet, men det veldig kjekt å sjå han i dei rette fargane for første gong! 🙂
Også Joakim Gustavsen og Truls Sørnes fekk sine første kampar for Hasundgots a-lag, medan Trond Haugland gjorde eit lite comeback etter å ha lagt skoa på hylla i 2013.
KAMPFAKTA
Treningskamp
Hasundgot – Hødd III 2-3 (1-2)
Hasundgot stadion
Ca. 30 tilsk.
MÅL: Sebastian M. Kleven (1-0), Ivar Aadland (2-3)
HIL (3-4-3): Joakim Rødven – Simon Spjutøy, Vegard Heltne, Joakim Gustavsen – Tobias Skotheim, Ivar Aadland, Nicolai Molvær, Sebastian M. Kleven – Jørgen Kleiven, Ruben Muren, Marius Muren
Innbytarar: Truls B. Sørnes, Mats Bigset, Trond Haugland, Svein Eirik S. Ertesvåg