Treningskamp mot GIL/LGFK

Årets andre treningskamp nærmar seg for A-laget.

I fjorårets sesong var det eit «close race» mellom Hasundgot og Gjerdsvika/Larsnes/Gursken, og med like mange poeng var det berre eitt lite mål som skilde laga på tabellen.

Sidan GIL/LGFK hadde flest scora mål (med då også sleppte inn fleire), gjorde det seg godt at Arve Vestnes reduserte til 2-4 mot Sæbø på overtid – og dermed sørgja for at Hasundgot gjekk over laget frå Sande på tabellen.

I kveld møtest dei to laga til duell igjen i Hasundgots andre treningskamp for året, etter at dei tapte 3-2 mot Hødds tredjelag for to veker sidan.

Kampen blir også denne gongen spelt på Hasundgot kgb.

Vi håper å sjå deg på sidelinja! 🙂

KAMPFAKTA
Treningskamp
Hasundgot – Gjerdsvika/Larsnes/Gursken
Hasundgot stadion

Avspark: onsdag 28. februar kl. 19:00