Treningstider fram til mai

Fotballstyret hadde måndag 5. februar møte der treningskabalen for vinterperioden fram til mai vart fastsett.

Kunstgrasbanen har den siste tida vore dekt av både snø og is, men no er banen nesten heilt grøn. Som biletet illustrerer øvst i saka, er det berre eit lite felt nærmast Kjerringhaugane som er islagt.

Lag som ønskjer å ta i bruk banen kan derfor starte opp utetreningar igjen med omgåande verknad. Ver likevel merksam på at banen kan vere hard ved enkelte område.

Den siste veka har nestleiar i fotballstyret og sportsleg leiar jobba med å setje saman treningskabalen, og med dei tilbakemeldingane som styret har fått vert det lagt opp til treningstider som vist til i tabellen under fram til 30. april 2018.

Frå og med 01. mai må dei laga som trenar i «kjernetida» mellom 18:30 – 20:00 vurdere å endre treningstider på grunn av kampavvikling for ulike lag.

Treningstider fra og med 05.02.2018:

  • Felt A: Hjørne vendt oppover mot Gjerdsbakkane
  • Felt B: Hjørne nærmast klubbhus
  • Felt C: Hjørne mot Kjerringhaugane
  • Felt D: Hjørne mot Joelvsvingane

Klikk her for å laste ned treningstider i PDF-format