No kan du sjå direktebilete frå Hasundgot stadion.
Etter ønske i hovudstyret har Hasundgot IL installert eit webkamera på stadion som sender direktebilete. Spesielt no på vinterstid meiner klubben at dette vil gjere det enklare å ha oversikt over forholda på banen.
I tillegg kan bileta gi ivrige spelarar ein peikepinn på kor oppteken bana er til ulike tider.
Kameraet overfører berre stillbilete, så ein må sjølv oppdatere sida for å hente inn siste bilete. Tidsstempel på siste bilete står øvst i bildemargen til høgre.
Klikk her for å oppdatere biletet!