Ferdige med barnefotballkurset

Ti Hasundgot-trenarar fullførte denne veka første del av Grasrottrenar-kurset.

Over tre samlingar på Høddvoll har om lag 20 trenarar frå klubbane på Sunnmøre delteke på første delkurs av Grasrottrenarkurset den siste månaden.

Sjølv om heile trenarkurset er på fire delkurs, oppnår ein kompetanse for barnefotballtrinnet (6-8 år) ved fullført delkurs 1.

Dette delkurset vart avslutta tysdag kveld, etter ei spanande praksisøkt med god kvalitet og mange læringsmoment.

Blant dette 20 trenarane var det 10 trenarar i Hasundgot-familien.

Dette var Monica Garshol, Frank Håkon Garnes, Joakim Rødven, André Rossi-Kaldhol, Lisbet Våge Overå, Ingvill Sundgot Sande, Connie Grimstad, Anne Margaret Sellereite, Richard Verting og Georg Aursnes.

Vi gratulerer alle trenarane med fullført delkurs 1, og ønskjer dei lykke til vidare med trenarvervet i sesongen som kjem!

Om du også ønskjer å delta på trenarkurs, ta kontakt med sportsleg leiar i Hasundgot.