Før kampen: Vanylven FK (H)

Tøff test i vente når Hasundgot inviterer Vanylven FK til dyst i kveld.

Sidan det ikkje var sett opp nokon treningskamp i førre veke, arrangerte a-laget og juniorlaget ein internkamp seg i mellom for å få inn ei kampøkt.

Den kampen vann a-laget 8-4, i ein kamp som vart spelt 3×30 minutt.

I kveld, onsdag, er det klar for ein ny test – og det mot eit lag som vart skipa rett før nyttår.

Under fjorårets sesong heitte klubben Åram/VanKam, men frå og med desember i fjor slo ÅVK seg saman med VanKam – som til saman vart Vanylven FK.

Vanylven (då under namnet ÅVK) rykka ned frå 5.-divisjon i fjor saman med Vigra, som begge fekk totalt 13 poeng i løpet av sesongen. Dette etter å ha vore heilt oppe på ein 2.-plass i 2016 – berre slått av Hovdebygda med to poeng meir.

I kveld tek vi altså imot vanylvingane på Hasundgot stadion for å få siste kamptrening før påskeferien.

No er det berre fire veker igjen til seriestart mot Bergsøy 2, så her gjeld det å utnytte kampen godt for å vere best mogeleg rusta for den komande sesongen

Vi håper på godt oppmøte på ein elles grå onsdag! 🙂

KAMPFAKTA
Treningskamp
Hasundgot – Vanylven FK
Hasundgot stadion
Avspark: 18:45