I kveld, onsdag, er det endeleg klart for ein ny test for a-laget, som tek imot Åmdal på Hasundgot stadion.
Laget som ein gong i tida var meir kjende for sin særeigne joggebukse-stil for oss laga på Ytre Søre, har derimot i nyare tid imponert stort. I sterk konkurranse med fjorårets serievinnar Sæbø hevda dei seg i toppen heilt inn i 2017.
Det enda med ein 2.-plass, og rauk i kvalifiseringskampane mot Guard i jaget på den siste opprykksplassen.
I seriespelet vart laget frå Ørsta kommune to nummer for sterke då tek tok turen til Dimna, men etter ein særs god haustsesong var Hasundgot eitt av to lag som makta å ta poeng på Legene. Det andre laget rykka opp…
Hasundgot stiller til oppgjeret med om lag 17 mann, så det er ei solid tropp som er klare til å følgje opp årets første siger i førre veke.
Vi håper at så mange som råd ønskjer å møte fram på stadion og heie oss fram til årets andre siger 🙂
KAMPFAKTA
Treningskamp
Hasundgot – Åmdal
Hasundgot stadion
Avspark kl. 18:45