G19: siger i årets første treningskamp

Torsdag reiste juniorlaget over fjorden for å bryne seg mot MSIL i sin første treningskamp denne vinteren (utanom internkampen mot a-laget sist veke).

Ifølgje rapportane var det ein jamn kamp, som til pause stod 3-3.

Kampen bar noko preg av at dette var årets første treningskamp, men utover i den andre omgangen fekk Hasundgot eit resultatmessig overtak.

Stillinga enda til slutt med 5-3 til Lars Breivik og Co.

Målscorarar var Sander Gjerde (2), Simon Spjutøy, Nicolai Molvær og eit MSIL-sjølvmål på corner.

Tida begynner no å nærme seg seriestart for juniorane, som spelar sin første kamp 16. april.