Godt gjennomført kamp mot Vanylven

Vêrmessig var det ei kald oppleving, men på banen var det høg temperatur då Vanylven FK kom på besøk.

På denne tida av året kan ein rekne med mykje ymse vêr, og då Hasundgot inviterte Vanylven FK til ein siste test før påskeferien var det både sideregn, vind og ei bitande kulde.

Men om ikkje anna så var det ein svært interessant og spanande kamp mellom dei to divisjonskollegaene.

Etter at Vanylven hadde trykt Hasundgot litt i opninga, fann heimelaget vegen forbi gjestenes sisteskanse om lag midtvegs i første omgang.

Eit godt angrep på høgresida vart kontant satt i mål av Ruben Muren, som plasserte ballen sikkert tilbake i det same hjørnet som ballen kom ifrå.

Hasundgot tok med seg 1-0-leiinga inn i pausen, og medan Vanylven forsøkte å presse fram ei utlikning var det om å gjere å vere tolmodige og strukturerte for Hasundgots del.

Utover i den andre omgangen byrja det å bli amper på banen, og sjølv om dette berre var ein treningskamp vart det etter kvart ein god del knallharde taklingar og tøffe duellar.

I ei periode der kampen trengte ei scoring, utnytta Hasundgot eit godt ettertrykk etter først ha avslutta i stolpen. På bølgje nummer to fekk Nicolai Molvær banka inn 2-0.

Og ikkje mange minutta seinare auka Jørgen Kleiven til 3-0, etter at han vart spelt på blank hald åleine med keeper. Hurtigtoget var iskald og sette med det inn punktumet på ein elles godt gjennomført kamp av Hasundgot.

Ekstra gledeleg var det at ungguten Elias Skeide Rooney fekk sin a-lagsdebut etter å ha kome inn i 2. omgang. Gratulerer! 🙂

KAMPFAKTA
Treningskamp
Hasundgot – Vanylven 3-0 (1-0)
Hasundgot stadion
Ca. 15 tilsk
MÅL: Ruben Muren, Nicolai H. Molvær, Jørgen Kleiven

Laget (4-4-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Simon Spjutøy, Vegard Heltne, Svein Eirik S. Ertesvåg – Sebastian M. Kleven, Nicolai H. Molvær, Thomas Gjerde, Joakim Gustavsen – Ruben Muren, Jørgen Kleiven

Innbytarar: Kim Hansen, Marius Vartdal, Hallbjørn H. Thorseth, Cato Veien, Mats Bigset, John Olav H. Hatløy, Elias Skeide Rooney