Trenarar og lagleiarar i ungdomsfotballen vert oppmoda til å delta på FIKS-kurs.
Tysdag 4. og onsdag 5. april vil det bli arrangert nettkurs i FIKS i regi av Fotballkretsen. Kursa blir heldt klokka 18:00 begge dagar.
Dette er i hovudsak eit kurs for trenarar, lagleiarar og andre FIKS-brukarar i ungdoms- og vaksenfotballen (13 år og oppover). Dei yngre årsklassene (frå 12 år og nedover) treng ikkje å forholde seg til FIKS heilt enno 🙂
FIKS er portalen som Fotballforbundet nyttar i samband med utsending av informasjon, samtidig som det mellom anna er plattformen som trenarar og lagleiarar nyttar til innmelding av lag og resultat.
Kurset blir arrangert på nett, og har ei avgrensing på 30 deltakarar per dag. Dersom fleire trenarar/lagleiarar frå same klubb ønskjer å delta, vert dei derfor oppmoda om å samlast for å dele skjerm.
Til dømes kan de samlast på Hasundgot klubbhus ein av desse kveldane og sjå på storskjerm saman.
Påmelding
Påmelding til FIKS-kurset: https://fotball.formstack.com/forms/fikskurs
Påmeldingsfrist: onsdag 28. mars kl. 23.59.
Les meir her: Invitasjon FIKS-kurs