Trenarspirar deltok på Grasrottrener-kurs

Solid oppmøte frå Hasundgot då Sunnmøre fotballkrets arrangerte trenarkurs på Høddvoll.

Tidlegare denne veka deltok heile ni Hasundgot-trenarar på første delkurs i Grasrottrenar-kurset, som er det første steget for å få formell trenarkompetanse.

Dette var den aller første gongen at Sunnmøre Fotballkrets har tatt i bruk E-læringskurs i forkant av den vanlege teori/praksis-delen, så det vart eit spanande møte med eit nytt prosjekt.

Grasrottrenarkurset er delt inn i fire delkurs, og denne veka starta dei lovande trenarspirene med første av tre sekvensar på første delkurs.

Fra Hasundgot IL møtte det trenarar med ulik fartstid og erfaring (både som spelar og trenar), og var representerte frå både dei aller minste og opp til dei eldre alderskulla.

Idrettslaget vårt var representert ved Monica Garshol, Frank Håkon Garnes, Joakim Rødven (har delkurs 3 og 4 frå før), André Rossi-Kaldhol, Lisbet Våge Overå, Ingvill Sundgot Sande, Connie Grimstad, Anne Margaret Sellereite og Georg Aursnes.

Dersom du ønskjer å delta på Grasrottrenar-kurs, er det berre å ta kontakt med sportsleg leiar Joakim Rødven (roedven@gmail.com). Det er ikkje for seint å slenge seg med! 🙂