G19: Spelte to kampar første veka

Slik gjekk det i serieopninga for juniorlaget

Måndag 16. reiste Lars Breivik og co til «Nye Ålesund kommune» for å bryne seg mot Skodje. Det var ikkje heilt utan dramatikk.

Skodje er påmeld som 9’arlag, men laga hadde på førehand avtalt å spele 11’ar. Dessverre vart det tilbake til 9’ar rett før kampstart, og laget måtte stokke litt om på planane sine.

Hasundgot starta ifølgje Breivik bra og hadde eit greitt tak på kampen. Laget skapte store sjansar, utan å få den heilt store utteljinga. Stillinga til pause vart likevel 2-2 (begge scoringar av Nicolai Molvær).

Også den andre omgangen starta bra, men fokuset sklei meir over på dommaren og motspelarane enn på eige spel.  Trass i at Nicolai sikra seg eit hattrick, vart det også tre baklengs.

Breivik oppsummerer derfor kampen som ein grei kamp som dessverre enda med eit tap – og laget vart samde om at ein skulle ta seg noko saman til neste kamp.

Kampfakta:
Skodje – Hasundgot 5-3
Troppa: Kristian Sundal, Erik Hatløy, John Arne Apelseth, Simon Haddal Spjutøy, Aleksander Marø Vågen, Sander Nedreberg Gjerde, Isak Sundgot, Martin Svendsen Dimmen, Elling Haddal Våge, Nicolai Haddal Molvær, Elias Skeide Rooney, Jonatan Ringstad Dimmen, Odd Hofseth Hatløy, Hans Markus Riise Pedersen, Marcus Vollset.

Hasundgot – Emblem 2

Neste kamp kom allereie sist fredag, der Emblems 2.-lag kom på besøk til Dimnøya. Også dette vart ein 9’ar-kamp.

Med ei tropp på 22 spelarar måtte det rullerast litt på kven som vart tekne ut til kamp, og det var fleire som fekk vere med til denne kampen som ikkje var med mot Skodje.

Taktikken vart også endra litt til å liggje bakpå og satse på kontringar, sidan det vart litt krevjande å bryte gjennom eit tettpakka forsvar i Skodje-kampen.

Også denne kampen starta Hasundgot bra, ifølgje Breivik, men hamna under både 1-0 og 2-1. Men så losna det fullstendig for dei kvitkledde.

Etter mange flotte scoringar og til dels godt spel leia Hasundgot 5-2 til pause.

Etter kvilen vart det ein fullstendig sprekk frå gjestene, og det vart ytterlegare 11 scoringar i den andre omgangen.

– Vi spelte bra fotball og laga mange fine mål.  No er det ei lang pause før vi skal møte Stranda heime 8 mai, seier Breivik etter Emblem-kampen.

Kampfakta
Hasundgot – Emblem2 16-2
Troppa: Herman Heimland, Erik Hatløy, John Olav Hofseth Hatløy, Simon Haddal Spjutøy, Daniel Rokseth Skeide, Sander Nedreberg Gjerde, Martin Marø Gjerde, Gerhard Heimland, Elling Haddal Våge, Nicolai Haddal Molvær, Elias Skeide Rooney, Kristian Sundal, Odd Hofseth Hatløy, Hans Markus Riise Pedersen, Jonatan Ringstad Dimmen, Sebastian Kaldhol