Hasundgot IL er svært glade og stolte over å kunne ønskje Vegard Heltne tilbake til moderklubben, etter mange år i Hødd – både i aldersbestemt fotball og endå fleire år på a-laget.
Heltne annonserte i fjor haust at han kom til å leggje opp som fotballspelar, og klubben auga derfor eit håp om å lande signaturen til 28-åringen før årets sesong.
No er det altså klart at den tidlegare 1.-divisjonsspelaren skal er klar til å bidra for moderklubben, som han vil kombinere med å vere hovudtrenar for Ørsta IL sitt herrelag.
Hittil har NM-meisteren frå 2012 vore delaktig i to treningskampar for sin «nye» klubb, mot Hødd 3 og Vanylven, der han har styrt forsvaret frå ein midtstopparposisjon.
Fleire signeringar
I tillegg til Heltne har det vore fleire spelarar som har blitt henta inn til klubben før årets sesong.
På a-laget har Joakim Sundgot Gustavsen (son til Per), Tobias Skotheim og Trond Haugland (comeback) kome inn, i tillegg til at to ytterlegare spelarar berre er ein signatur unna å vere klare.
Også på juniorlaget har det vore ein del nye ansikt denne vinteren, og Lars Breivik kan nyte ein luksus med om lag 20 spelarar på trening.
Det ser dermed ut til at 2018 vert eit svært spanande år, og vi ser fram til ei god utvikling i Hasundgot IL!