1. mars 2021

J13: knallsiger i første kamp

Onsdag spelte Hasundgot J13 sin første seriekamp for året, og der vart det litt av ein målfest.

Jentene tok turen til River Plate i Gursken for å bryte seg mot samarbeidslaget Gursken/Gjerdsvika. Til pause stod det heile 8-1 til Hasundgot-jentene.

Utover i den andre omgangen vart det litt jamnare resultatmessig, og kampen enda til slutt 10-4 til Hasundgot.

Ein kjempeflott start på årets sesong for J13, som er sett saman av J12-spelarar som testar seg på eitt alderstrinn høgare.