Hasundgot inviterer til klubbdommarkurs onsdag 18. april kl. 18-21 på klubbhuset.
Dersom du er interessert i å delta på dette, ta kontakt med dommaransvarleg i Hasundgot IL, kontakt Arnt-Ivar Berg, på tlf 922 39 777 innan tysdag 17. april.
Det er ikkje nødvendig å ta på seg dommeroppdrag etter endt kurs, men ein kan også ta kurset som læring etter gjeldande reglar.
Klubbdommerkurset er første trinn i dommerutdanninga. Etter gjennomført kurs kan deltakarar dømme opp til og med 13 årsklassen. Dommarar vert rettleia og følgd opp i eigen klubb.
Målgruppa for dette kurset er medlemmar i klubbane som ikkje har erfaring med dømming og kampleiing. Både spelarar, trenarar, leiarar, føresette eller andre er velkomne.
Dei som ønskjer å bli klubbdommar bør ha fylt 13 år ved årets begynnelse, og vere eldre enn spelarar som dommaren skal dømme.
Kurset vil bidra til gode holdningar og grunnleggjande kunnskap i spelereglane.