Klubbkveld torsdag 3. mai

Endeleg vert det ny klubbkveld for alle medlemmer i Hasundgot IL!

Torsdag 3. mai vil det bli høve for ein ny kveld der medlemmer i Hasundgot IL kan få kjøpe produkt frå Macrons treningskolleksjon.

Klubben har kjøpt inn alle storleikar på dei aller fleste produkta, slik at det vil vere mogeleg å få prøvd ulike klesplagg i Hasundgot-kolleksjonen.

I tillegg vil det verte mogeleg for trenarar/lagleiarar å bestille sin trenarpakke i løpet av denne kvelden.

Hasundgot IL har også vald å sponse éin shorts og eitt par strømper til alle aktive spelarar, så dei spelarane som enno ikkje har fått høve til å velje storleik på shorts/strømper vil få høve til å bestille dette på torsdag.

Ved kjøp av Macron-utstyr, som er i vår kolleksjon, vil alle medlemmer i Hasundgot IL få 30 prosent rabatt av rettleiande pris.

Ettersom Hasundgot også har eit lite restlager av Umbro-produkt, vil dette bli seld unna til ein redusert pris.

Klubbkvelden vil vare frå klokka 17:00 – ca. 21:00.

Vel møtt til Hasundgot klubbhus torsdag 3. mai! 🙂