Serieopning mot Bergsøy laurdag 21. april

Etter å ha blitt flytta litt fram og tilbake er det klart når seriestarten vert.

På grunn av Bergsøys sitt førstelag sin cupkamp mot Aalesunds FK den 18. april, måtte Hasundgot si serieopninga mot Bergsøy II i 6.-divisjon flyttast.

Kampen vart først omberamma til tysdag 17. april, men etter ei samrøystes vurdering vart denne flytta på nytt til laurdag 21. april.

Hasundgot må derfor vente eit ekstra par dagar før dei kan sparke igang årets sesong. Avspark i serieopninga vert kl. 12:30

Årets sesong i 6.-divisjon avdeling 3 består av Bergsøy 2, Gjerdsvika IL/Larsnes/Gursken FK 2, Hareid 2, Hasundgot, Hødd 3, Tjørvåg og Vanylven.

Larsnes IL skulle også vere med i denne avdelinga, men har i siste liten trekt laget sitt.