Denne veka startar seriefotballen å rulle for dei fleste laga i breidde fotballen, og måndag hadde Hasundgot J11 sin første seriekamp for året.
Kampen vart spelt på Hasundgot stadion, der dei tok imot Hødd.
Gjestene frå Ulsteinvik vann til slutt kampen 4-1, sjølv om Hasundgot leverte ein solid kamp.
For høvet hadde jentene med seg tre spelarar frå J10, og alle saman la inn ein sterk innsats, skapte mange sjansar og hadde tidvis mykje av banespelet. Dessverre heldt det ikkje til seier denne gongen.
Men uansett var det godt å kome igang med sesongen igjen, var alle einige om.
[envira-gallery id="2984"]