A-laget er endeleg igang med årets sesong.
På grunn av Bergsøy sin cupkamp mot Aalesunds FK vart vår serieopning mot Bergsøy II utsett til laurdag.
Dei siste åra har Havila stadion våre ein tøff og vanskeleg bortekamp, men denne gongen var det eit svært tent Hasundgot som kom på besøk.
I raude bortedrakter for høvet tok Hasundgot kommandoen frå start, og etter 12 spelte minutt stanga kaptein Ruben Muren inn eit hjørnespark.
Servitør var ingen ringare enn Nicolai Haddal Molvær.
Midtvegs i den første omgangen auka Hasundgot leiinga ved Sebastian Moldskred Kleven til 2-0. Midtbanespelaren kom på «bølgje nummer to», og banka kontant inn kampens andre scoring i det nærmaste hjørnet.
Vertane hadde ikkje spesielt mykje å kome med offensivt, og sjølv om ei endring av personell på topp i andre omgang makta Bergsøy aldri å skape dei heilt store sjansane.
Hasundgot kunne derfor ta med seg både siger og ein smultring i årets første av (dessverre berre) 12 seriekampar denne sesongen.
Den kjem godt med, og allereie førstkomande onsdag er det klart for ny match. Det mot Tjørvåg på Hasundgot stadion.
Laget (4-4-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Simon Spjutøy, Vegard Heltne, Ivar Aadland – Joakim Gustavsen, Thomas Gjerde, Nicolai Molvær, Sebastian Kleven – Jørgen Kleiven, Ruben Muren
Innbytarar: Kim Hansen, Mats Bigset, Bjørn Inge Tenfjord, Marius Vartdal, Sander Gjerde, Svein Eirik Ertesvåg