Storsiger i årets første heimekamp

Med to debutantar i troppen tok Hasundgot sin andre strake siger denne sesongen.

Sesongen vart sparka igang mot Bergsøy 2 sist laurdag, og onsdag var det klart for årets første seriekamp på heimebane.

Og det tok ikkje lang tid før ballen låg i nettet for første gong i kampen.

Allereie i det 9. speleminuttet teikna kaptein Ruben Muren seg på scoringslista, etter at spissen fekk ballen i god posisjon framfor målet etter eit innkast.

Same mann auka leiinga til 2-0 etter å ha snappa eit perfekt opplegg frå Nicolai Molvær berre ti minutt seinare.

Joakim Gustavsen tuppa så inn 3-0 før pause, etter eit glimrande soloraid på høgresida.

Før to minutt av andre omgang var spelt fekk debutant Ronny Jørgensen teikne seg på scoringslista, som han i følgje seg sjølv har gjort i alle debutane han har hatt i dei klubbane han har vore i.

Tjørvåg reduserte til 1-4 med om lag 15 minutt igjen å spele, men ytterlagare tre scoringar av høvesvis Sebastian Moldskred Kleven, Nicolai Haddal Molvær og Ruben Muren (med sitt tredje) sørgja for at det vart ein særs god kveld for Hasundgot.

Neste kamp vert ein svært interessant kamp, der Hasundgot skal få bryne seg mot Hødd 3 på Høddvoll onsdag 2. mai. Denne kampen vert spelt rett etter Hødds cupkamp mot Florø, så det er berre å ta turen til Høddvoll komande onsdag! 🙂

Kampfakta

6.divisjon, avd. 3
Hasundgot – Tjørvåg 7 – 1 (3-0)
Hasundgot stadion
Dommar: Oddbjørn Aam, Åmdal IL

Mål HIL: Ruben Muren (3), Joakim Sundgot Gustavsen, Ronny Jørgensen, Nicolai Haddal Molvær, Sebastian M. Kleven

Hasundgot (4-4-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Simon Haddal Spjutøy, Vegard Heltne, Ivar André Aadland – Joakim Sundgot Gustavsen, Thomas Edvard Gjerde, Nicolai Haddal Molvær, Sebastian Moldskred Kleven – Ruben Muren, Cato Veien

Innbytarar: Kim-Rune Hansen, Trond Haugland, Ronny Jørgensen, Iver Franke Saunes, Mats Bigset, Sander Nedreberg Gjerde, Svein Erik Liaset Ertesvåg.

Ronny Jørgensen i aksjon. FOTO: Andreas Bjerknes/Vikebladet