Val av årets kapteinar

Under ein sosial kveld før sesongen startar å rulle igjen om dryge halv annan veke, arrangerte a-laget ei intern avrøysting på kven som skal vere kapteinsteamet denne sesongen.

Avrøystinga vart gjort med «anonymt val», slik at ein ikkje skulle verte påverka av andre sine røyster.

Resultata synte at ei samla spelargruppe ønskte Ruben Muren som kaptein, som han også var i fjor. Visekaptein vart Joakim Rødven.

Om ingen av desse skulle vere disponible til kamp, vart Mats Bigset vald som tredjemann på lista.

Etter planen skal Hasundgot serieopne borte mot Bergsøy 18. april, men på grunn av Bergsøys cupkamp mot Aalesunds FK vil kampen truleg verte flytta.

Informasjon om Hasundgots første seriekamp vert sjølvsagt publisert så snart som råd.