Det vart ampert i lokaloppgjeret mellom Hødd 3 og Hasundgot.
Rett etter at Hødds a-lag hadde sikra seg avansement i noregsmeisterskapen mot Florø, vart det duka for ein like så viktig kamp mellom Hødd 3 og Hasundgot i 6.-divisjon på ei strøken Høddvoll-matte.
Eit ungt Hødd-lag fekk stort sett lov til å halde i ballen mest i opninga, medan Hasundgot i større grad prøvde å utnytte smutthol på sidene til heimelaget. Det var derimot dei blåkledde som skulle ta første stikk.
Etter ei kontring fekk Sander Ringstad akkurat vridd seg unna markeringa inne i feltet, og satte inn 1-0 for Hødd.
Stillinga stod seg også til pause, men etter sidebytet skulle det verkeleg blåse liv i kampen.
Berre ei dryg veke etter å ha meldt overgang frå nettopp Hødd, noterte Iver Saunes seg for si første scoring for sin nye klubb etter at han snappa opp ein retur frå ein elles solid Joakim Ulstein i Hødd-buret.
Vikebladet.no: Delte poenga (ekstern lenke)
Midtvegs i den andre omgangen stod det derfor 1-1.
Snuoperasjonen vart komplett då Cato Veien fekk banka ballen inn i det lengste hjørnet frå om lag 11 meters hald, etter å ha fått ballen i beina i etterkant av eit hjørnespark.
Hødd skulle også slå tilbake. Ei opprulling på heimelagets høgreside gjorde at Jonas Overå kunne setje inn 2-2, etter å plukka opp ein retur på første avslutningsmoglegheit frå ein lagkamerat.
Med dryge ti minutt igjen av kampen vart vertane redusert til 10 mann etter to situasjonar rett etter kvarandre, av same spelar, som dommaren oppfatta som usportsleg oppførsel.
Kampen hadde derimot ingen fleire mål i seg, sjølv om det både vart ampert mot slutten og begge lag hadde sjansane til å avgjere kampen.
Ei stemning i garderoben etter kampen var nok at ein var litt skuffa over å ikkje få tre poeng, men samtidig nøgde med å klare å snu kampen i den andre omgangen – sjølv om det enda med poengdeling til slutt.
No ventar – minst – ei veke pause, før det er Hareid 2 som er neste mostandar 16. mai. Denne kampen kan derimot bli flytta til eit seinare høve.