Måndag 21. mai spelte Hasundgot sitt juniorlag mot dåverande serieleiar Herd 2.
Resultatmessig var det jamt heile kampen, men Lars Breivik sine utvalde sikra seg likevel ein 1-0-siger på Hasundgot stadion.
Med én kamp mindre spelt enn Herd ligg derfor no Hasundgot på 1.-plass i årets 3.-divisjon – med betre målskilnad enn laget frå Moa.
Rett i helane ligg derimot Spjelkavik 2, som ligg tre poeng bak med éin kamp mindre spelt. Hasundgot har derimot 17 plussmål, medan Spjelkavik har 6 plussmål.
Neste kamp for juniorane er borte mot MSIL 11. juni, før vårsesongen vert runda av mot Spjelkavik 2 laurdag 16. juni.
Med eit sterkt ønskje om å teste seg på nivå to til hausten gjeld det no å utnytte dei to siste kampane på best mogleg måte for G19.
Vi ønskjer dei lukke til i dei to siste kampane i vårsesongen.