22. oktober 2021

G19: Storsiger mot Stranda

Måndag spelte juniorlaget heimekamp mot Stranda, etter å ha hatt vel 2,5 veke spelefri.

Då desse laga møttest i fjor haust vart det litt av ein hektisk kamp med tre raude kort og ein dramatisk 5-3-siger til Hasundgot.

Denne gongen vart det ikkje fullt så dramatisk, og Hasundgot fekk kampen inn i sitt spor.

Martin Gjerde sende Hasundgot i leiinga rett etter pause, før Nicolai Molvær la på til 2-0 etter eit straffespark.

På tampen av kampen la Daniel Skeide og Gerhard Heimland på til høvesvis 3-0 og 4-0, som også vart sluttresultatet.

Etter tre kampar ligg Hasundgot derfor på 3.-plass i årets 3.-divisjon, med seks poeng på tre kampar.

Neste kamp for juniorane er heime mot serieleiar Herd 2, som vert spelt på Hasundgot stadion 21. mai.

Troppen mot Stranda:

1 Herman Heimland
2 Erik Hatløy
3 John Olav Hofseth Hatløy
4 Simon Haddal Spjutøy
5 Daniel Rokseth Skeide
6 Sander Nedreberg Gjerde
7 Martin Marø Gjerde
8 Gerhard Heimland
9 Elling Haddal Våge
10 Nicolai Haddal Molvær
11 Elias Skeide Rooney
12 Kristian Sundal
13 Jonatan Ringstad Dimmen
14 John Arne Apelseth
15 Martin Svendsen Dimmen
16 Aleksander Marø Vågen
17 Sebastian Kaldhol