Måndag skal seniorlaget og juniorlaget spele mot kvarandre.
Ettersom a-lagets seriekamp mot Hareid 2 den 16. mai har blitt flytta, samt at juniorlaget ikkje spelar kamp igjen før 21. mai, har laga avtalt å spele internkamp i kveld, måndag 14. mai.
Det er avtalt oppmøte klokka 19:30, med tiltenkt oppstart om lag klokka 20:00.
Om du allereie har begynt å sakne Premier League på TV, og gjerne vil sjå ein kamp i kveld, så er du sjølvsagt hjarteleg velkomen til Hasundgot stadion for å ta ein titt.
Juniorlaget og a-laget møttest også til internkamp for nøyaktig to månadar sidan. Den gongen vart det ein målrik kamp, der a-laget vann 8-4 (etter det Hasundgot-redaksjonen hugsar).