3. desember 2021

J8: Deltok på første miniturnering

Spanande helg for J7/8 som spelte sine aller første kampar for Hasundgot.

Søndag deltok Hasundgot sitt Jenter 7/8-lag på miniturnering på Sæbø.

Dette var den aller første miniturneringa som spelarane har delteke på, så det var spanande for jentene å få smake på kampkjensla.

Hasundgot møtte tre lag i turneringa; Hødd, Volda og Hjørungavåg.

I knallfint vêr og med god stemning vart det mykje god lærdom å ta med seg frå jentene sine tre først kampar.

Bilete frå miniturneringa:

Alle foto: Svein Eirik Ertesvåg

[envira-gallery id=»3061″]