På ei uvand grasbane vart det ein knallsiger for herrelaget mot Gjerdsvika/LGFK.
Å spele på gras er sjeldan kost i 6.-divisjon, og onsdag spelte Hasundgot sin første av to graskampar denne sesongen. Samarbeidslaget Gjerdsvika/Larsnes/Gursken2 inviterte til dyst, men det var Hasundgot som scora fyrst.
Etter ei perfekt pasning i bakrom på Sebastian Moldskred Kleven gjorde at midtbanespelaren fekk plassere ballen i mål frå skrå vinkel heilt åleine med keeper. Sebastian gjorde ingen feil, og sende dermed Hasundgot i leiinga etter halvspelt 1. omgang.
Nokre minutt seinare stanga kaptein Ruben Muren inn 2-0 på eit perfekt slått hjørnespark, før han la på til 3-0 etter å ha banka ballen i mål like etterpå.
Med ei komfortabel tremålsleiing til pause følte Hasundgot at dei hadde veldig godt grep om kampen, og med unntak av eitt tilfelle var det få store sjansar vertane hadde å kome med.
Vikebladet.no: Storsiger i Gjerdsvika (ekstern lenke)
I staden la Thomas Gjerde på til 4-0 like før timen var spelt – med ei kontant avslutning i nærmaste hjørne.
Dagens lekkerbisk var derimot signert av Jørgen Kleiven, som litt ut av ingenting klemte til med venstrefoten ute på høgresida og såg at ballen steig rett inn i det lengste hjørnet forbi Gjerdsvika-keeperen.
I sluttminutta fastsette Svein Eirik Ertesvåg resultatet til 6-0, etter at han krangla inn kampens siste scoring etter eit innlegg frå høgresida.
Alt i alt vart det eit kjemperesultat for Hasundgot, der sigersmarginen kunne enda på til ha vore nokre mål større om effektiviteten framfor målet til GIL/LGFK2 hadde vore litt høgare. Laget tok derimot meg seg tre kjærkomne poeng, seks mål og årets andre smultring.
No vert det ei vekes pause, før neste test vert heime mot tabelltoar Vanylven onsdag 6. juni. Den kampen gler vi oss til!
Kampfakta
6. divisjon avdeling 3
Gjerdsvika IL/Larsnes/Gursken FK 2 – Hasundgot 0-6 (0-3)
Storøyra Gras
Dommar: Per Inia Brekke, Hareid IL
Gule kort: Frants Leine Mork (GIL/LGFK 2), Mats Bigset (Hasundgot)
Mål: 0-1 Sebastian Moldskred Kleven (23), 0-2 Ruben Hauge Muren (30), 0-3 Hauge Muren (36), 0-4 Thomas Gjerde (58), 0-5 Jørgen Skogestad Kleiven (61), 0-6 Svein Eirik Ertesvåg (89)
Hasundgot (4-4-2): Joakim Rødven – Ivar Andre Aadland, Simon Haddal Spjutøy, Vegard Heltne, Iver Franke Saunes – Joachim Sundgot Gustavsen, Sebastian Moldskred Kleven, Thomas Edvard Gjerde, Nicolai Haddal Molvær – Jørgen Skogestad Kleiven, Ruben Hauge Muren
Innbytarar: Svein Eirik Liaset Ertesvåg, Kim-Rune Hansen, Mats Bigset, Ronny Jørgensen, Cato Veien, Trond Haugland, Bjørn Inge Tenfjord