21. september 2021

Trenarforum 31. mai

I kveld inviterer klubben alle trenarar og lagleiarar i Hasundgot IL til trenarforum på klubbhuset.

For å bidra til inspirasjon og diskusjon blant trenarane og lagleiarane i idrettslaget, arrangerer Hasundgot IL i kveld trenarforum for som har verv på dei ulike laga i organisasjonen.

Samlinga vil starte klokka 18:30 og vil runde av om lag klokka 20:30.

Det vil først vere ein teorisekvens inne, før det blir ein praksisdel ute på treningsfeltet saman med G14/15 som treningsobjekt.

Trenarforumet vil bli leia av nestleiar i fotballstyret, Vidar Ertesvåg, som mellom anna har ei fortid i Lyn-akademiet og Hødd FFO.

Vi ønskjer alle trenarar, lagleiarar og andre interesserte i Hasundgot IL hjarteleg velkomne til samlinga i kveld!