Gjestene frå Vanylven tok leiinga, men tre svært viktige poeng blei igjen på Hasundgot stadion.
Onsdag kveld kom serietoar Vanylven på besøk for å kjempe om tre poeng i toppen av årets 6.-divisjon, avdeling 3. Før oppgjeret hadde Hasundgot ei luke på eitt poeng ned til gjestene, og ein siger ville bety mykje for begge lag.
Etter ein noko rotete start på 1. omgang med høg temperatur og mange tøffe duellar, gjekk laga til pause utan scoring. Ingen av laga makta å produsere dei heilt klare målsjansane, og ein måtte nøye seg med smultring i begge leirar halvvegs.
Men etter kvilen skulle det dra seg til.
I det 75. speleminuttet fekk Vanylven eit frispark i god posisjon rett utanfor 16-meterstreken til heimelaget. Det første skotforsøket vart stoppa av Hasundgots oppsette mur, men på returen fekk Stian Bellen banka inn leiarmålet via stolperota.
Leiinga varte derimot ikkje lenge, for dryge men minutt seinare fekk Thomas Gjerde krangla inn utlikninga. Scoringa kom etter ein del klabb og babb inne i feltet i etterkant av eit glimrande slått hjørnespark av Nicolai Molvær.
I det kampen drog seg til mot slutten såg det ut til at laga skulle dele poenga broderleg, men inne i overtida stod innbytar Cato Veien på rett plass når eit innlegg frå høgresida vart piska inn. Spissen fekk stussa ballen i mål – og sørgja med det for 2-1 til dei kvitkledde!
Vanylven tok avspark med halve Hasundgot framleis inne på bortelagets banehalvdel, men det vart ein perfekt kveld for Hasundgot som tok tre poeng i heilt flunkande nye drakter frå vår nye utstyrsleverandør Macron.
Etter fem spelte kampar ligg derfor Hasundgot åleine på toppen av tabellen, med fire poengs luke ned til serietoar Vanylven.
No vert det ei veke med spelefri, før Bergsøy 2 kjem på besøk onsdag 13. juni. Vi gler oss allereie!
Kampfakta
6.-divisjon, avd. 3
Hasundgot – Vanylven 2-1 (0-0)
Hasundgot kunstgras
Ca. 80 tilsk
Dommar: Birger Breivik, Volda TI
Mål HIL: Thomas Gjerde (80), Cato Veien (90)
Laget (4-4-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Simon Spjutøy, Vegard Heltne, Bjørn Inge Tenfjord – Joakim Gustavsen, Nicolai Molvær, Thomas Gjerde, Sebastian Kleven – Ruben Muren Ronny Jørgensen
Innbytarar: Kim Hansen, Svein Eirik Ertesvåg, Iver Saunes, Mats Bigset, Ivar Aadland, Cato Veien, Sander Gjerde