G13: Storsiger mot Hødd

Firemålssiger i vårsesongens siste heimekamp for Gutar 13.

Med éin heimekamp igjen før sommarferien ønskte Hasundgot å avslutte med stil, og kva passa vel då betre enn å møte kommunerival Hødd?

I ein godt gjennomført kamp av gutane enda det til slutt med imponerande 5-1 over dei blåkledde – som også var Hasundgot sin andre siger denne sesongen.

Med éin kamp igjen å spele før ferien ligg Hasundgot på ein 5.-plass, før dei skal møte 7.-plass Blindheim i aller siste kamp denne våren allereie førstkomande torsdag.

Gratulerer med ein flott siger! 💪⚽🙂