Møter Trond 1 i første utslagsrunde torsdag.
Onsdag vart gruppespelet i Skandia Cup avslutta for Hasundgot G14, og etter tre kampar blei det uavgjort mot Byåsen 2, ein knipen siger mot Freidig 1 og eit 3-0-tap mot Charlottenlund.
– Fantastisk jobbing frå gutta, og flott scoring frå Loke Mork som gav 1-0 seier mot Freidig, skriv trenar Georg Aursnes til Hasundgot-redaksjonen.
Torsdag er det klart for første utslagsrunde i B-sluttspelet, der Hødd skal møte Trond 1.
Hasundgots motstandar i 1/8-delsfinalen tok eitt poeng i si gruppe, men scora samstundes to mål i alle tre kampane sine. Så her kan det fort bli mange mål i kveldens kamp!
Kampen vert spelt klokka 17:40 i kveld, og kamputviklinga kan du følgje i cupens livesenter.
– Sola skin, gutane er eksemplariske! Vi har det supert! avsluttar trenar Aursnes.
Vi ønskjer G14 lukke til med kampen i kveld!