J12: solid innsats på Selje Cup

Kjekk helg på cup for Hasundgots Jenter 12.

I helga deltok J12 på Seljecup. Dette er ei tradisjonsrik fotballturnering, og vart i år arrangert for 24. gong på rad.

Hsundgot-jentene reiste fredag ettermiddag med ti jenter og to foreldre, og overnatta i Selje fram til søndag. I tillegg var det fleire av foreldra som stilte opp som heiagjeng.

I løpet av helga spelte jentene fem kampar, der tre av dei vart spelt på laurdagen. Første kamp enda med 2-1-siger mot Valder, før Førde 1 vart slegne 2-0. Den siste kampen på laurdag enda med siger over vertslaget Selje 4-0.

På søndag følgde jentene opp med å spele uavgjort 1-1 mot Spjelkavik, før turneringa vart runda av med ein solid 5-2-siger over Førde 2.

Det vart derfor ei flott helg, både sportsleg og sosialt, for jentene.

Innsendt foto: Hilde Karin H. Storflor