I samband med a-lagets kamp mot Vanylven på onsdag vert den nye Hasundgot-drakta presentert.
Dei siste vekene har materialforvaltaren vår, Kjetil Sundal, delt ut dei nye draktsetta til dei aldersbestemte laga i Hasundgot
Endeleg er det klart for aller første kamp for a-laget i dei nye draktene – og det i toppoppgjeret mot Vanylven FK.
Førstkomande onsdag vil det bli ei lansering med både utstyrsleverandør (Macron) og sponsorar på den nye drakta.
Under lansering vil både den nye heimedrakta – samt junior- og seniorlagets flunkande nye bortesett – bli vist fram.
Aldersbestemte lag vert oppmoda til å møte i full drakt for å farge tribunen med raudt og kvitt.
Arrangementet startar klokka 18:00, før kampen har avspark klokka 18:30.
Macron vil også ta med seg ein «hastigheitsmålar» slik at det vert heldt konkurranse i å skyte hardast.
Vi håper at flest mogeleg tek turen til Hasundgot stadion for å ta del på denne spesielle dagen! 🙂
Vel møtt!