Under onsdagens kamp mot Vanylven FK vart Hasundgots nye draktkolleksjon vist fram.
Til markeringa vart både utstyrsleverandør og draktsponsorar inviterte til ei hyggjeleg markering av den nye Hasundgot-drakta.
Av draktsponsorar møtte Lise Antonsen Ulstein (Tussa), Ellen Kvalsund (Sparebanken Møre), Kjetil Sundal (Kleven) og Terje Risvik (Macron). I tillegg kom også Tare for å lage ekstra engasjement blant dei yngste.
Byggi Ulsteinvik, Spar og Hydrapipe hadde dessverre ikkje høve til å vere til stades då lagbilete med sponsorane blei teke.
Både før og under kampen var stadion farge i raudt og kvitt av dei aldersbestemte laga som sprang rundt i dei nye heimedraktene. For aller første gong vart også ei heilt ekslusiv bortedrakt, som vil bli nytta av senior- og juniorlaget, vist fram. Sjå bilete av denne drakta lenger nede i saka.
Kvelden fekk også ei fin avslutning då Hasundgots a-lag snudde 0-1 til 2-1 mot serietoar Vanylven. Ein perfekt måte å markere starten på dei nye Hasundgot-draktene!
Vi takkar alle støttespelarar takk for innsatsen i arbeidet med å få på plass dei nye Hasundgot-draktene, og vi ser fram til eit vidare godt samarbeid i tida som kjem.