Etter halvspelt sesong ligg Hasundgot på topp av 6.-divisjon avdeling 3.
Onsdag tok Hasundgots herrelag imot Bergsøy 2 til vårens aller siste kamp før det blir heile to månadar sommarferie.
Desse laga møttest også i den første serierunden, då Hasundgot tok ein solid 2-0-siger på Havila stadion.
På Hasundgot stadion fekk også heimelaget ein fantastisk start då Thomas Gjerde fekk eit draumetreff allereie i det fjerde speleminuttet. Frå skrå vinkel klinka midtbanespelaren ballen rett inn i det lengste hjørnet.
Berre marginar gjort at vertane ikkje leia både 2-0 og 3-0, men stolpen stod i vegen begge gongane.
Like før pause fekk Bergsøy sjansen til å utlikne på dødball, og den mogelegheita tok dei godt vare på. Frisparket vart slått inn i feltet, og medan første avslutning gjekk rett på keeper vart returen sett kontant i målet. 1-1 til pause.
Utover i andre omgang var ein del «hummer og kanari» og ingen makta å få inn den avgjerande scoringa. Det enda derfor med ei broderleg fordeling av poenga – i ein kamp begge nok følte dei burde ha vunne.
Hasundgot avsluttar derfor vårsesongen på tabelltopp, etter seks spelte kampar.
Neste kamp vert borte mot Tjørvåg 22. august.
Kampfakta
6. divisjon avdeling 3
Hasundgot – Bergsøy 2 1-1 (1-1)
Hasundgot kunstgras
Dommar: Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg IL – Fotball
Gule kort: Sebastian Moldskred Kleven, Thomas Gjerde (Hasundgot)
Mål: 1-0 Thomas Gjerde (4), 1-1 Sigvald Remøy (44)
Hasundgot: Joakim Rødven – Marius Muren, Simon Haddal Spjutøy, Vegard Heltne, Bjørn Inge Tenfjord – Joakim Sundgot Gustavsen, Thomas Gjerde, Nicolai Haddal Molvær, Sebastian Moldskred Kleven – Cato Veien, Ruben Hauge Muren
Innbytarar: Kim-Rune Hansen, Ivar André Aadland, Jørgen Skogestad Kleiven, Svein Erik Liaset Ertesvåg, Daniel Muren, Mats Bigset