G14 på Skandia Cup: Tap mot Trond 1

Uflaks i 1/8-delsfinalen, der det var spaning til siste slutt.

Sist veke var Hasundgots G14 på cup i Trondheim, der dei deltok på den tradisjonsrike turneringa Skandia Cup.

Etter å ha gått vidare til 1/8-delsfinalen i B-sluttspelet, vart det dessverre eit knipent 2-1-tap mot Trond 1 frå Trondheim.

Det var ifølgje trenar Georg Aursnes spaning heilt til siste sekund, og med stang inn kunne det like gjerne ha vore Hasundgot som gjekk vidare til kvartfinalen.

Aursnes er dermot nøgd med ei kjempeflott veke i Trondheim, der det både var gode prestasjonar på banen – samt. at gutane hadde mange kjekke aktivitetar også utanfor banen.

– Ein flott cup med gode baner og fasilitetar. Absolutt å anbefale for andre lag i Hasundgot, seier Aursnes, som også vil rose føresette som har bidrege til ei fin helg i Trønder-byen.