Siger og to debutantar mot Tjørvåg

Haustsesongen er i gang for Hasundgot, sjølv om det ikkje klikka 100 prosent.

Medan Tjørvåg kom i gang mot Hødds 3.-lag sist veke, vart Hasundgots haustsesong først sparka i gang denne veka.

Og opninga på kampen var nok ganske prega av at det er akkurat to månadar sidan sist seriekamp. Litt usikkerheit gjorde at det ikkje stemte heilt i opninga, og Tjørvåg fekk halde ein god del i ballen innleiingsvis.

Men målet skulle heldigvis kome. På eit frispark i svært gunstig posisjon finta Sebastian Kleven ut Tjørvågs keeper, og plasserte ballen sikkert inn i «keeperhjørnet» midtvegs i den første omgangen.

Etter at same mann vart meid over ende inne i heimelagets 16-meter, fekk Hasundgot ein god sjanse til å auke leiinga frå straffemerket før pause.

Cato Veien stod fram og sende i veg eit prosjektil – som dessverre smalt i stolpen og ut.

Hasundgot tok derimot med seg ei relativt komfortabel leiing til pause, med ein del sjansar som med litt meir tur hadde resultert i eit mål eller to ekstra margin.

Over i andre omgang vart det om å gjere å behalde ballen i laget, og utnytte overgangsmogelegheitene.

Det var ei handfull halvsjansar som kunne ha fortent ei scoring også i den andre omgangen, men det vart med den eine scoringa.

Heldigvis vart det ingen mål feil veg, og Hasundgot kunne konstatere at hausten første siger er i boks. Det kjem godt med, når det ventar ein tøffing i neste runde mot Hødd 3.

Også gledeleg var det at to nysignerte spelarar fekk debuten sin!

Både Bjørnar Gundersen og Gustav Pettersen signerte tidlegare denne veka for Hasundgot, etter å ha meldt overgang frå Bergsøy IL.

Begge to har spelt mot Hasundgot tidlegare for Bergsøys andrelag, og Gustav var mellom anna svært sentral då Bergsøy slo Hasundgot 5-4 for to år sidan og scora to av måla.

– Dette var ei heilt grei gjennomkøyring. Vi leverer ikkje heilt «King Kong-fotball», men vi har full kontroll heile kampen. Defensivt er vi gode, sjølv om vi startar med ein litt uvant formasjon, seier trenarane Per og Øystein, og rosar også dei to nykomarane.

– To debutantar også i dag, som begge klarte seg veldig godt!

KAMPFAKTA

6.div, avd. 3
Tjørvåg – Hasundgot 0-1 (0-1)
Tjørvåg stadion
Ca. 37 tilskodarar
Dommar: Alf Gunnar Furland, Rollon
Mål: 0-1 Sebastian M. Kleven (23)

Laget (3-4-1-2): Joakim Rødven – Simon Spjutøy, Vegard Heltne, Marius Muren – Sebastian Kleven, Nicolai Molvær, Ivar Aadland, Daniel Muren – Gustav Pettersen – Cato Veien, Jørgen Kleiven

Innbytarar: Kim Hansen, Mats Bigset, Bjørnar Gundersen, Sander Gjerde