
I ein litt rufsete kamp dro Hasundgot i land ein komfortabel siger på Hareidsmyrane.
Det vart ein kaotisk inngang til onsdagens kamp mot Hareids 2.-lag, ettersom fleire spelarar (hovudsakleg frå Hasundgot) stod fast i trafikken som ei følgje av trafikkulykka ved Hasundkrysset.
Vel 20-30 minutt forseinka kom kampen endeleg i gang, i eit elles perfekt spelevêr.
Det skulle ikkje ta meir enn dryge 5-6 minutt før kampens første scoring skulle kome. På eit hjørnespark fekk Hasundgot pressa inn eit sjølvmål, der Ivar Aadland var nærmaste Hasundgot-spelar.
Etter scoringa vart det ein del rufs frå Hasundgot-side, og sjølv om Hasundgot slapp unna med skrekken, var heimelaget farleg frampå ved eit par høve utan å lykkast framfor målet.
I staden heldt gjestene på Hareidsmyrane stand til pause. Til tross for at Hasundgot skapte fleire store sjansar til å auke leiinga, vart det med det eine til sidebytet.
Over i andre omgang fekk Per og Øysteins utvalde ein pangstart, og Sebastian Kleven sette inn 2-0 etter berre nokre minutts spel i den 2. omgangen.
Vikebladet.no: Hasundgot nærmar seg 5.-divisjon
Innbytar Cato Veien avslutta så ei perfekt kontring til 3-0 rett før timen var spelt på Hareid.
Hareid-spelar Lars Petter Bjørlykke fekk så lykke-treff med dryge 20 minutts spel då ei kanonkule suste inn i det lengste hjørnet, men den heilt store spenninga kom aldri.
For åtte minutt seinare sette Bjørnar Gundersen inn 4-1, og då gjekk lufta ut av vertslaget.
Kaptein Ruben Muren auka til 5-1 kort tid etter, før Sebastian scora sitt andre for kvelden to minutt før full tid.
Ei totalt sett grei gjennomkøyring for Hasundgot, som møter Hareid igjen førstkomande tysdag (ein kamp som har blitt utsett frå 16. mai i vår).
KAMPFAKTA
6.-div. avd. 3:
Hareid II – Hasundgot 1-6 (0-1)
Hareidsmyrane stadion
ca. 45 tilskodarar
Mål: 0-1 (6) Sjølvmål, 0-2 (49) Sebastian Moldskred Kleven, 0-3 (58) Cato Veien, 1-3 (71) Lars Petter Bjørlykke, 1-4 (79) Bjørnar Pettersen, 1-5 (83) Ruben Muren, 1-6 (88) Sebastian Moldskred Kleven
HIL (3-1-4-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Simon Haddal Spjutøy, Ivar Andre Aadland – Thomas Edvard Gjerde – Gustav Pettersen, Sebastian Moldskred Kleven, Nicolai Haddal Molvær, Ruben Muren – Jørgen Skogestad Kleiven, Ronny Jørgensen.
Innbytarar: Cato Veien, Kim Hansen, Elias Rooney, Bjørnar Gundersen, Iver Saunes.