
Etter ein litt rufsete start drog Hasundgot inn ein solid siger over gjestene frå Sande.
Til tross for til dels kraftige vindkast, var det relativt brukbare spelehøve med god temperatur på Hasundgot stadion i lagets aller siste heimekamp desse sesongen.
Gjestene frå Sande kom frå eit 4-1-tap mot opprykksjagande Vanylven for to veker sidan, og ønskte nok å finne tilbake til vinnarforma inn mot serieavslutninga.
Og Gjerdsvika/Larsnes/Gursken2 fekk også første stikk.
Etter å ha snappa eit oppspel i midtbaneleddet satte GIL/LGFK fart og kontra inn 1-0 med eit lågt skot i keeper Joakim Rødvens venstre hjørne.
Det var det sparket bak Hasundgot trong for å kome skikkeleg i gang, og like etter utlikna heimelaget etter at Sebastian M. Kleven piska inn eit innlegg frå venstre og Cato Veien stanga inn utlikninga.
Snuoperasjonen vart komplett då Sebastian satte inn både 2-1 etter eit flott forarbeid, før han igjen la på til 3-1 etter god samhandling med angripar Jørgen Kleiven.
GIL/LGFK var derimot ikkje heilt ute av oppgjeret, og eit innlegg frå høgre skulle vise seg å bli meir enn berre farleg. Verken forsvaret eller keeper nådde tak i ballen, som blei stussa inn i det nærmaste hjørnet av bortelaget. Litt spenning i kampen igjen!
Og meir spanande skulle det bli.
Ei felling inne i Hasundgots 16-meter førte til at gjestene fekk sjansen til å utlikne til 3-3 frå straffemerket. Det ville keeper Joakim ikkje vere med på. Sisteskansen gjekk rett veg og heldt også avslutninga i fast grep.
Laga gjekk til pause på stillinga 3-2, men det skulle ikkje gå mange minutta av andre omgang før også Hasundgot skulle få sjansen frå 11-meteren – etter at hurtigtoget Jørgen Kleiven vart kontant lagt i bakken i målfeltet til GIL/LGFK.
Cato Veien stod fram og satte ballen roleg inn over keeperen. Fin revansje frå Tjørvåg-kampen tidlegare i haust då stolpen hindra scoring for spissen.
Derfra og ut var det eit spørsmål om å halde kontroll på kampen, og med nokre justeringar i pausa var det eit langt meir komfortabelt Hasundgot på banen.
Utover i kampen kom ein litt småskadd Ruben Muren inn på banen, satte ballen sikkert i det lengste hjørnet, og vart så byta ut igjen. Solid innhopp frå lagkapteinen!
Fleire mål vart det ikkje, og Hasundgot toppar no serien med 6 poeng ned til Vanylven og Hødd 3 (som begge har éin kamp mindre spelt). Også Bergsøy 2 kan melde seg på i toppen her, som har tre kampar mindre spelt enn Hasundgot – og kan med sigrar i alle kampane hamne eitt poeng bak.
Dette blir ein spanande serieinnspurt!
KAMPFAKTA
6.-divisjon, avd. 3
Hasundgot – GIL/LGFK 5-2 (3-2)
Hasundgot stadion
Ca. 50 tilsk
Mål: Cato Veien 1-1, Sebastian M. Kleven 2-1, Sebastian M. Kleven 3-1, Cato Veien 4-2, Ruben Muren 5-2
Dommar: Magne Jonny Krumsvik, IL Hødd
Laget (4-4-2): Joakim Rødven – Marius Muren, Simon Spjutøy, Vegard Heltne, Iver Saunes – Gustav Pettersen, Nicolai H. Molvær, Thomas Gjerde, Sebastian M. Kleven – Cato Veien, Jørgen Kleiven
Innbytarar: Kim Hansen, Ivar Aadland, Trond Haugland, Mats Bigset, Elias Skeide Rooney, Bjørnar Gundersen, Ruben Muren