Klubben tek sikte på å starte opp att damelag i haust.
Onsdag 3. oktober vert det oppstartsmøte for nytt damelag i Hasundgot IL. Møtet vil starte klokka 19:30, og vil finne stad på Hasundgots klubbhus.
På dette møtet vil den komande damelagstrenaren bli presentert, samt at ein plan for opplegg i haust vil bli lagt.
Også Hasundgots J16 er veldig velkomne til å delta om ønskjeleg.
Om det er fleire fotballspelarar som har ønskje av å delta på møtet (anten ein er registrert i Hasundgot eller ikkje), er de hjarteleg velkomne til å kome innom dersom de kan vere interesserte i å vere med.
Vel møtt!
Tidspunkt: Onsdag 3. oktober
Klokkeslett: 19:30
Stad: Hasundgot klubbhus