Onsdag kveld hadde det nyoppstarta damelaget si første trening.
Damelaget har ikkje vore aktivt sidan innandørscupen «Oddencup» vinteren 2017, men onsdag kveld starta laget opp att treningane.
Klubben har engasjert hareidsdølen Per Inia Brekke til å leie damelagsgruppa, og til første trening møtte 12 engasjerte spelarar opp.
Førebels har damelaget tatt sikte på å trene éin gong i veka for å kome i gang igjen, og treningane blir onsdagskveldane på Hasundgot stadion.
Ut hausten vil det i utgangspuntket vere lagt til rette for treningar, og til 2019-sesongen vil det verte meldt på lag i seriespel (7ar).
Om du ønskjer, eller kunne vere interessert i, å vere med i laget si treningsgrupp er du hjarteleg velkomen til å kontakte trenar Per Inia Brekke for ein hyggjeleg prat.
* Spelarar som ikkje er registrerte i Hasundgot IL vert oppmoda til å melde overgang til klubben med omsyn til forsikring ved skadar, samt treningskontingent for å benytte seg av stadionanlegget. Ta kontakt med sportsleg leiar Joakim Rødven for informasjon om overgang.